Alltid kjekt på Vestnes
Vestnes og Kråkvika lokka oss til seg også i år.
Nettverk av fine stiar
Litt pysete er vi, somme tider. Lett for å forvente at veret alltid skal vere strålande. Denne dagen, 22. oktober, var det noko regn og grå morgon. Tur eller ikkje? Vi reiste og tenkte, litt regn toler vi. Vert det for gale, er det husrom på Vestnes.
Ein flott gjeng, ti i talet pluss ein fin hund, dura til Vestnes, parkerte. Ikkje ein regndrope der. Regnkleda fekk fri og låg att i bilane. Som vanleg gjekk vi under den nyaste brua av dei tre, der fin asfaltert sti ligg. Passerte oppstillingsplassen for campingbilar. Traska vidare i ujamt pratetempo. Somme tider gjekk føtene fort, andre gonger litt tregare.
Utfrå stien vi vandra på, var det fleire stiar å velje mellom. Vi rusla stien over tangen til uteplassen med bord og benkar ute i fjøra. Fint og lett der med god utsikt. Etter regnet som har vore, var vi ekstra varsame då vi gjekk på glatte treverket. Ikkje beinbrot på ønskjelista vår. Kråkvikas venner har gjennom åra lagt ned og legg framleis ned stor arbeidsinnsats til glede for turgåarane. Det er mange benkar å sitte på, grillhus med gode sitteplassar, høveleg bygg for trengjande og utegrillplass. Vi bestemte oss for å reise hit att i juni.
På tilbaketuren la vi inn ei sløyfe og gjekk til gapahuken Kråkereiret. Der sat to karar ved eit benke-bord og drakk kaffi. I vatnet seig to ender forbi i roleg tempo. Vi slo av ein prat med karane.
Vi vart kaffitørste og sette kursen mot Bryggja. Då kom regnet. Godt tima! På kafeen fann vi eit stort bord som heile gjengen benka oss rundt. Og drøsen heldt fram.