Årsmøte 2024 vel i hamn
Tysdag 13. februar vart årsmøtet halde på frivilligsentralen i Stordal.
Viktig arena for påvirkning.
Frammøtet var godt med 16 medlemmer. Eigenleg er det viktig å delta på årsmøta fordi ein får vite kva styret har gjennomført av det som var vedteke i handlingsplanen året før, og ein får innblikk i den økonomiske situasjonen. Elles vedtek årsmøtet handlingsplan for komande årsmøteperiode samt retningsgjevande budsjett. Såleis har medlemmene høve til å påvirke kva styret skal utføre framover.
Styreleiar Anna Margrethe Drægebø Moe ønskte velkommen og konstituerte møtet. Årsmøtet godkjende innkallinga og dagsorden før Ingrid Løset vart vald til møteleiar og Anna Margrethe til sekretær. Møteleiar og sekretær tok sete, og møteleiar gjekk vidare på sakslista, der Bjørnar Midtbust og Kirsten Ludvigsen vart valde til protokollunderskrivarar. Bjørg Hjelmset, May Britt Stavseng og Randi Malm vart valt til teljekorps.
Styreleiar las årsmeldinga og orienterte om den reviderte rekneskapen, og det vart opna for spørsmål før årsmøtet godkjende begge sakene. Årsmøtet slutta seg også til styret sitt forslag om at det ikkje skal betalast honorar til styret. Det var ikkje spela inn saker under Innkomne saker, og møteleiar gjekk vidare til handlingsplan og budsjett der styreleiar orientert om styret sitt forslag før det vart opna for debatt. Også her slutta eit samrøystes årsmøte seg til forslaga.
Siste post på programmet er val. Kasserar Jorunn Vestre og styremedlem Marit Abelvik vart attvalde. Likeeins dei to varamedlemmene Ingebjørg Vestre og Arna Øvrebust. Revisorane Reidun Torpe Langhaug og Torbjørn Hove fekk også fornya tillit. Ny valkomite fekk slik samansetjing: Brit Skjelten, Anne Jorunn Nilsen og Randi Vestre. Elles var det val av seks delegatar til fylkesårsmøtet som skal haldast 20. april i Molde: Jorunn Vestre, Marit Abelvik, Hege Støversten, Ingebjørg Vestre, Ingrid Løset og Arna Øvrebust med følgjande vara i rekkefølge: Ada Kjersem, Bjørg Hjelmseth, Inger Dyb Søvik; Einar Søvik, Jorunn Langleite og Astri Ytreeide.
Møtet var avslutta med enkel servering og fylkesfadder Nils-Inge Holm gjekk gjennom fadderpresentasjonen.
Det nye styret har slik samansetjing:
Anna Margrethe Drægebø Moe – leiar
Jorunn Vestre – kasserar
Torill Sandvik – styremedlem
Marit Abelvik – styremedlem
Ingebjørg Vestre – 1. vara
Arna Øvrebust – 2. vara