
Beredskap er å vere budd på det uventa
I beredskapsveka var det stand på butikkar i alle bygdelaga i kommunen. På Joker Stordal var det stand 24. oktober. Representantar frå kommunen sitt beredskapsråd, ordførar Terese Jemtegård Moen, branninspektør Oddbjørn Nilsen og Anna Margrethe Drægebø Moe i Mental Helse Fjord informerte om at vi bør bl.a. ha nok vatn og mat i tillegg til diverse utstyr i heimen til å greie seg i ei veke om det skulle skje t.d. tap av elektrisk kraft. Batteriradio er viktig for kommunikasjonen.
På standen låg eksempel på det vi treng. Terese nemnde at ved t.d. mangel på vedfyring, bør ein skaffe seg ein beredskapsven eller ein sjølv kan hjelpe nokon. Vi prata med folk og delte ut brosjyrer. Besøket var godt, og det veksla mellom dei som har god beredskap og dei som syntes det var OK å få ei påminning.
Beredskapsrådet i kommunen består av mange etatar og frivillige lag og organisasjonar som er invitert inn. Brannvesenet har ein viktig rolle, og nemnast kan at det driv førebyggande arbeid ved besøk i heimar og bedrifter. I ei krise kan frivillige mobilisere og skaffe folk for å utfylle det offentlege ved å tilby bl.a. omsorg, mat og hjelpe til med praktiske ting. Dersom ei krise oppstår, er det viktig at vi er førebudde og har det vi treng slik at det offentlege kan sette inn tiltak der behovet er størst.


