
Branntryggleik i heimen, årsaker og førebygging
Nokre harde fakta
Branninspektør Oddbjørn Nilsen fortalde at 75 % av dei som omkjem i brann er i gruppene eldre og rusavhengige. Personar over 70 år har fire til fem gonger høgare risiko for å omkomme i brann enn resten av befolkninga. Dei fleste omkjem av røykforgiftning. 75 % av brannane skjer i bustader, og nesten halvparten i einebustader. Brannane begynner i vaskerom, kjøkken ( mest under matlaging) og stove.
Årsaka til at dei over 70 år er mest utsett er at ein vert eldre, bur lengre heime, har redusert mobilitet, høyrsle og hukommelse, og bustaden ikkje er tilrettelagt.
Kva ein kan gjere for å unngå å omkomme ved brann
Oddbjørn tok fram kva ein kan gjere for å unngå å omkomme dersom brann oppstår. Ha brannvarslarar i fleire rom (kravet er at det skal vere minst ein i kvar høgd) ha soverom og opphaldsrom på «bakkeplanet» (kravet er minst to rømmingsvegar), komfyrvakt (eit krav i alle nye kjøkken etter 2010), mindre bruk av levande lys, slokkeutstyr som er lett å bruke, halde seg informert og ha tilsyn med utstyret og den elektriske installasjonen. T.d. sjå om det er svimerke på elektriske kontakter. På hjelpemiddelsentralen kan ein får diverse varslingsutstyr dersom ein t.d. høyrer dårleg. Elles er tekstilar i ull mykje mindre brannfarlege enn dei kunstige.
Det er viktig å ha t.d. brannteppe, skum- eller pulverapparat og brannslange som kan brukast dersom brann oppstår. Oddbjørn synte med brannteppe sløkking av ein tenkt brann i ei panne. Han la brannteppet roleg over panna for unngå å tilføre elden meir luft ved brå bevegelse.

Skum- og pulverapparata bør snuast fleire gonger i året, og byttast etter ca. 10 år. Oddbjørn anbefalte at ein har pulverapparat fordi dei gjer minst skade ved ein eventuell brann. Han fortalde at apparatet han held er rundt 6 kilo, men ein kan få apparat på rundt 3 kilo som er lettar å handtere. Vi fekk demonstrert korleis ein skal bruke apparatet og rette slangen mot elden.

