
Filmen «Havfolket» ga mange minner
Ein gjeng på åtte reiste inn på Martin Lingehuset og såg den omtala filmen «Havfolket». Dokumentarfilmen var både storslått, vittig og var ei kjærleikserklæring til kystkulturen og fortalde om livet, menneska og arbeidet langs kysten frå Stavanger til Kirkenes. Vi fekk møte fiskarar, kystkvinner, ungar i leik og i arbeid og sjømenn.
Filmen hadde bilde og opptak heilt tilbake til 1907. Mange av oss har opplevde noko av det vi såg. Folk, bilar og dyr som vart heist ombord og i land frå båtar. Ei tid då arbeidsdagen ikkje slutta etter åtte timar, og ungane begynte å hjelpe til frå dei var små og jobba på fiskemottak. Slik var tida med godt og gale, slik vår tid også er.
Denne filmen bør visast på skulane, var det ei som sa etter filmen. Nedanfor er nokre glimt frå tida som var.








