
Frivilligverkstad og forfattarmøte med Are Kalvø
Triveleg og nyttig kveld på Martin Lingehuset
Fjord kommune inviterte alle lag og organisasjonar til frivilligverkstad tysdag 3. mars. Først fekk vi trimma lattermusklane i møte med forfattar Are Kalvø: Berre bønder lengtar heim. Forfattarmøtet var i regi av Litteraturhus Møre og Romsdal i samarbeid med Fjord bibliotek. Arrangementet var gratis og ope for alle.
Etterpå var det kaffimat og arbeidsverkstad der vi frå frivilligheita møtte og arbeidde med innspel til den nye frivilligstrategien som er under arbeid. Kommunen ser på frivillig arbeid som ei av dei sterkaste kreftene i lokalsamfunnet vårt ved at vi skaper møteplassar, aktivitet, fellesskap og beredskap gjennom mange timar med engasjement og innsats.
Difor ønskjer kommunen innspel om korleis arbeidet kan gjerast i praksis, og treng såleis dei frivillige sine stemmer, erfaringar og idear. Frå vårt lokallag møtte Eystein Hjelme og Anna Margrethe Drægebø Moe. Rundt borda vart det arbeidd med å komme med svare på aktuelle spørsmål vi fekk utdelt.


