Gode råd – opplæringsopplegg for rådsmedlemmer

FFO, SAFO og Unge funksjonshemma som stod bak opplæringa vi vart invitert til å delta på.

Lærerikt møte

FFO – Funksjonshemmedes fellesorganisasjon -, SAFO – Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner – og Unge funksjonshemma laga opplæringsopplegget for medlemmer i kommunale råd for personar med funksjonsnedsetting. Det møtte medlemmer frå råda i kommunane rundt. Frå Fjord kommune møtte Anna Margrethe Drægebø Moe og Ingrid Løset som representerer Mental Helse i rådet. Vi var på gruppe saman med representantar frå Stranda, Ålesund og Haram.

Rådet for personar med funksjonsnedsettingar er eit rådgjevande organ og skal uttale seg i alle saker som gjeld personar med funksjonsnedsettingar. Medlemmene i rådet skal ivareta interessene til personar med alle typer funksjonsnedsetting. Kommunen skal sende aktuelle saker som rådet skal uttale seg til. Men det er også viktig at vi er flinke til å ta opp saker sjølv, og set oss godt inn i sakene vi skal behandle. Vi kan ha dialog med brukarane. Når vi skriv uttale, må vi vere kortfatta. Dersom vi ikkje har fått framlagt ei sak for uttale, kan vi stoppe den før kommunestyret behandlar den.

Eit spørsmål er om innbyggjarane veit om rådet. Korleis kan vi gjere oss kjende slik at vi kan verte kontakta og ta opp aktuelle saker. Vi var innom lov og forskrift som er bindande juridiske dokument, samt sektorovergripande lover.

Eit av temaene var tildeling av tenester. For eksempel ved tildeling av støttekontakt og avlasting bør det vere tenestebeskrivelse. Det er meir «handfast» enn ved bruk av skjøn som kan skilje mykje frå sakhandsamar til sakshandsamar. Er ein ueing i eit vedtak, kan ein klage, og har rett på hjelp til å skrive den.

Det var veksling mellom informasjon og gruppearbeid, og utfordringa er å finne ein arbeidsmåte der vi gjer godt arbeid for dei vi representerer.