Hestvika og Elvaløa

Kjekt å møtast

Tysdag 17. juni la vi turen til Sjøholt. Vi møttest ved Ørskog kyrkje og rusla forbi den fine naustrekka langs bukta, opp den vesle bakken og la turen utover til Hestvika. Lufta var krydra med lett regn. Men pytt! Litt mildt sommarregn i håret gjorde ingen ting. Kjekt å traske saman og prate om mangt og mykje i fint landskap.

Etter ein passeleg lang tur la vi kursen mot Elvastien, passerte treskulpturane, beundra dei. Dei står trauste og stille, men fyl tenksame med oss. Lurer nok på kva for figurar vi er som traskar forbi og ikkje held oss i ro lik dei. Mange brukar ta turen langs elva. Slik er det også i dag, og vi trefte både nye og kjente turgåarar. Triveleg.

Vi rusla vidare til Elvaløa. Der vart servert kokekaffi i koppen med kake og tvist attåt. Fint punktum etter triveleg tur. Alltid kjekt å treffe andre turgåarar, og takk for serveringa og for godt samvær.