
Kjekt å samlast
Vi avtalte å samlast til ein drøs på Stolt Mat siste tysdagen i mai. Denne etterjulstida har vi ikkje hatt turar og treff utanom medlemsmøta. Såleis var det særleg kjekt å komme saman og slå av ein prat over kaff/te og mat attåt. Og som vanleg i godt lag går praten så det durar i veggane. Alltid kjekt å komme saman.
Vi kom saman i eit lokale med historiske minne på veggane. Kjekt er det å sjå samlinga av broderi og bilde som var in for nokre tiår tilbake. Det er ei tid for alt. Noko var, noko er og noko vert. Klokka på veggen tikkar og tikkar. Slår nokre slag med visse mellomrom, varslar at tida går. Ho fortel om den analoge tida. Vi pratar vidare.
Før vi gjekk, laga vi ei liste over kva aktivitetar vi kan tenkje oss framover.
