Langs elvaforbygninga og gåter

Årets første møte var den 11. januar.

Kjekt å treffast att til medlemsmøte. Medlemsmøta har vi alltid andre tysdagen i månaden. Alle som er interesserte og har lyst, kan møte. Du treng ikkje vere medlem. Det er berre å møte opp.

Kvifor kalle det medlemsmøte når det er ope for alle? På møta vert det orientert om planer framover i lokallaget, og vi ønskjer innspel og meiningar frå medlemmane vår. Dessutan har vi gjerne ein person som møter og har innlegg om eit aktuelt tema. Det kan vere fagleg eller underhaldning. Elles er det alltid kjekt å komme saman og slå av ein prat. Du kan møte og sjå om du har lyst til å vere med vidare.

Denne gongen synte Ingebjørg mange fine bilde som ho har teke på strekninga frå hamna i Stordal og framover langs elvaforbygninga. Bildeserien veksla med naturopplevelsar i dei ulike årstidene. Var kjekt å oppleve elvaforbygninga også når vi har innever. Det er berre å slå fast at det å rusle langs elva gjev mange fine inntrykk, og gjer godt for kropp og sjel.

Som vanleg har vi litt å drikke og bite i på møta våre, og det passa godt med hjernevri under inntaket. Anna Margrethe hadde vore på nettet og plukka ut 25 gåter og delte dei ut til alle saman. Det var opp til kvar einskild om ein ville samarbeide med nokon eller jobbe åleine for å finne svara. Vi slo fast at mange av gåtene har ei litt anna form no enn det vi hadde erfaring med. I alle fall var det kjekt å vri dei små grå og oppleve å finne mange rette svar.

Elles fekk vi forslag på tema til seinare medlemsmøte. Anna Margrethe fortalde at Bjørg Jacobsen har orientert om at det vert starta opp seniornett på frivilligsentralen i Stordal torsdag 23. januar kl.13:00. Det er Bjørg Jacobsen, Bjørnar Midtbust og to til som vil dele på å gje rettleiing og hjelp til å kunne gjere seg meir nytte av telefonen, PC-en eller ipaden.

Engasjementet og iveren med å løyse gåtene var stort. Mest så ein høyrde korleis dei små grå romsterte og produserte svar.

Også nyttig å utveksle idear, forslag eller få tips av kvarandre. Kjekt å fyre opp under dei små grå. Det var mange gode svar på gåtene, og resultatet var veldig bra. Godt jobba folkens!