Likepersonsarbeid i lokallaga

På kurset deltok Ingebjørg og Anna Margrethe som i samarbeid registrerer likepersonsarbeidet i lokallaget vårt.

Kurs

Samlinga vart halden i Molde 19. og 20. april, der Stig Ålgårdstad kursa deltakarane om arbeidet, regelverk og kva krav som vert stilt. Likepersonsarbeidet kan foregå i grupper der ein utvekslar erfaringar. Ein likeperson har ansvar for å legge til rette for aktiviteten. Det kan også skje som ein-til-ein der personen som ønskjer samtale, kontaktar ein likeperson i lokallaget og avtale tid og stad. Likepersonarbeid handlar om omsorg for kvarandre og utveksling av erfaringar.

Om arbeidet

Dei fleste lokallaga i Mental Helse som registerer likepersonsarbeid i vårt fylke driv med likepersonsarbeid i grupper som gjerne er felles aktivitetar og turar. Det er styret i lokallaget som vurderer og godkjenner likepersonane. Såleis kan eit lokallag ha mange som kan vere likepersonar. Lokallaga rapporterer likepersonsaktivitetane til Mental Helse sentralt som sender inn rapport/søknad til Barne, ungdoms- og familiedirektoratet som yter tilskott til ordninga. Avhengig av departementet sine midlar til rådvelde og aktiviteten i lokallaget får laga tildelt midlar som kan brukast til nye aktivitetar.

For å få best mogeleg effekt av kurset, er det viktig at dei som deltok på kurset, deler nyerverva kunnskap med lokallaget sitt og arbeider for å få i gang/styrke likepersonsarbeidet og registreringa av det.

På kurset var det deltakarar frå seks av lokallaga i tillegg til medlemmer frå fylkesstyret. Ekstra kjekt var det at svært mange av deltakarane var nye. Det lovar bra for vidare arbeid.