Markering av Kvinnedagen 8. mars

Alvorleg tema

Temaet er alvorleg, men viktige å sette på dagsorden på markeringa av den internasjonale kvinnedagen. Vald i nære relasjonar er eit stort samfunns- og folkehelseproblem. Og det kan vere både psykisk og fysisk vald og skjer i alle samfunnslag.

Vald i nære relasjonar

Den første innleiaren var Maria Hanadi Tanberg som er oppvaksen i Aust-Jerusalem med palestinsk far og norsk mor. Ho var verken israelar eller palestinar men norsk statsborgar med norsk pass. Maria var gresk ortodoks kristen, hadde god utdanning, jobba i Kirkens Nødhjelp med fokus på kvinnene sine rettar og seinare som likestillingsrådgjevar i det Svenske konsulatet. Ei ressursterk kvinne som greidde seg sjølv. Til å vere i Midt-Austen var ho ei utradisjonell kvinne, singel og budde i eiga leilegheit. Ho fortalde om kulturforskjellane og det å vere kvinne der.

Så gifte ho seg og fekk barn. Mannen tok etter kvar meir og meir kontroll over henne. Ho kjende på at ho mista seg sjølv og ville komme seg ut av ekteskapet og flytte til Noreg. Det vart ein mangeårig kamp for å komme seg ut av eit ekteskap med kontroll og psykisk vald i ein kultur med to rettssystem: Staten sitt og kyrkja sitt. I tillegg var det avgjerande om ein er mann eller kvinne, kven familien er og kvar ein bur. Mannen brukte rettssystemet til å utøve kontroll, og ho var gjennom 16 rettssaker. Det som hjelpte henne var at ho var økonomisk sjølvstendig. I 2023 flytta ho og dotra til Norge, men prosessen er ikkje avslutta enno.

Maria fortalde si historie. Den er ganske spesiell. Medan ho arbeidde i Midt-Austen for kvinnene sine rettar vart ho sjølv utsett for psykisk vald av ektemannen. I det todelte rettssystemet, eitt statleg og eit kyrkjeleg, var psykisk vald aldri tema. Ho opplevde at rettssalen var ein ny arena for mannen, der han kunne utøve vold og kontroll.

Avvergeplikta

Anita Dyb Linge som er forskar, nemnde at det er mange typar vald: Fysisk vald, psykisk vald, materiell vald, seksuell vald, økonomisk vald og friheitsberøvelse. Psykisk vald skjer ved å true, skremme, kontrollere og audmjuke medan materiell vald er å øydelegge ting. Ho var innom statistikk og nemnde at ein studie på partnardrap synte at sju av ti utsette var i kontakt med hjelpeapparatet i forkant av drapet. Elles snakka ho om teieplikt og straffelov, og at helsepersonellova seier noko om opplysningsplikt, mellom anna til barnevernet. Kjenner ein til at vald har skjedd, skal ein tenke: Skjer vald att? Er det meir sannsynleg at det vil skje enn at det ikkje vil skje? Det er spørsmål helsepersonell og vi andre må stille oss når vi har mistanke om nokon er utsett for vald. Teieplikta opphøyrer i det ein trur at noko slikt vil skje. Vi har alle ei plikt til å bidra til å avverge eit lovbrot eller følgjene av det. Anita var tydeleg på at ein vert ikkje straffa for brot på teieplikat om vert ikkje straffa for brot på teieplikta dersom mistanken ikkje stemmer. Ho fortalde at dei fleste ikkje kjenner til avvergeplikta. Det er alvorleg fordi omlag 80 % av alle kvinner i Noreg opplever partnarvald.

Anita fortale at ein ser partnarvald i alle samfunnslag, og det går i arv. Vi har plikt til å avverge eit straffbart forhold ved å varsle politi eller ein annan instans. Det kan skje anonymt til politi og barnevern. Det er betre å ringe ein gong for mykje enn ein gong for lite fordi det kan stå om liv.

På møta med tema er det alltid kjekt med kulturelt påfyll. Matilde Tafjord Rødhammer framførte fleire songar til glede for publikum.

Etter møtet var det servering. Dei som ønskte det, avslutta møtet med sosialt fellesskap over ein kopp kaffi eller te og noko å bite i.

Arrangørar var Eidsdal/Norddal Røde Kors, Fjord AP, Fjord SV, Fjord Sjukepleiarforening, Mental Helse Fjord, Valldal Bygdekvinnelag og Valldal Helselag.