Markeringa av Verdensdagen for psykisk helse
Dagen vart markert 15. oktober i Stordalshallen med foredrag og kulturelt innslag. Godt frammøte. (Foto ovanfor: Storfjordnytt)
Snakke meir saman.
Sjølve datoen for Verdensdagen er 10. oktober. Dagen er internasjonal og vert markert i over 150 land. Årets tema var: Vi treng å snakke meir saman #gje 8 minutt. Oppfordringa er å bidra til finne støtte og meining i å snakke meir saman. I staden for å sende ei tekstmelding, ta heller ein telefon. Ring til nokon du bryr deg om – kvar dag. Så enkelt er det, og det betyr meir enn ein anar. Å oppleve einsemd og utanforskap, og kjenne lite meining i livet, fører til dårlegare livskvalitet.
Lars Zachariassen var foredragshaldar. Han er utdanna fysioterapeut med vidareutdanning i kognitiv terapi og idrett. Han jobbar med idrettsutøvarar, næringslivet og med «vanlege» folk for å skape endring, livstrivsel og prestasjonar. Målet er å normalisere, ufarleggjere og skape positiv endring.
Lars ga oss eit inspirerande foredrag som vekte mange tankar.
Lars begynte med å fortelje litt om sitt eige liv. Søstra hans var flink i alt som han opplevde var viktig i familien sin. Hans interesse var idrett, men han prøvde å verte flink slik som søstra. Sjølv meinte han at han ikkje var god nok til å verte elska av foreldra og ville avslutte det heile. Først ville han ta farvel med dei og fortalde kva han kjende på. Dei fortalde han at det som var viktig for dei, var at han hadde det bra i sitt eige liv. Han hadde tillagt foreldra tankar dei ikkje hadde, men gått med sine eigne tankar og ikkje snakka om det.
Lars la vekt på at psykisk helse handlar om deg, at du trivst i ditt eige liv slik at du har lyst og kapasitet til å vere noko for andre. Det å gi og ta mot hjelp kan vere krevjande, men kan vere nødvendig. Han meinte at alle har ei superkraft som kan brukast, det er eit smil, vere vennleg og eit klapp på skuldra og stille spørsmålet: Korleis går det med deg?
Han snakka også om kjenne på ubehag og det å påføre andre ubehag. Ubehag er ikkje farleg. Det skaper læring og og gjer oss i stand til å møte det som kjem. Vi må også våge å undre oss, våge å stille spørsmål, også dei som er vanskelege. Våge å vere annleis, våge å prioriere og våge å seie nei. Vi skal våge å vise kjensler, våge å bety noko for andre og la andre bety noko for oss.
Nils Petter Lian var inntil nyleg psykiatrisk sjukepleiar i kommunen vår og har no gått over i heimetenesta. Han vil framleis ivareta ein del av oppgåvene til ein får ny psykiatrisk sjukepleiar på plass. Han orienterte litt om tenesta, der ein har kommunepsykolog, to psykiske helsearbeidarar og ein nyleg tilsett barnevernspedagog som skal jobbe opp mot familiar. Han tok også fram at Fjord er ein MOT-kommune.
Mental Helse Fjord takkar Sparebanken Møre og Sanitetsforeninga Stordal Helselag for økonomisk støtte som saman med midlar frå Mental Helse sentralt og lokalt gjorde det mogeleg å gjennomføre markeringa. Takk også til helselaget for godt samarbeid.