Medisinbruk hos eldre og diabetes 2

På temakvelden i mars snakka Aina Øvrebust om ovanståande tema. Ho er farmakolog og er no seniorrådgjevar i eining for legemiddelsikkerhet i Direktoratet for medisinske produkt.

Medisinbruk

Aina fortalde at dei mest brukte medisinane er for hjarte- og karsjukdommar, blodfortynnande og kolestrolsenkande midlar. Og med stigande alder aukar bruken av medisin. Etter inntak av medisinen begynner den på ei lang reise gjennom kroppen før den vert utskilt gjennom urinen. Verknaden av legemiddelet ein tek er m.a. avhengig av korleis ein tek det, storleiken på dosa, kroppsvekt, alder, samt kor alvorleg sjukdommen er og om ein har andre sjukdommar. Kroniske sjukdommar kan påvirke effekten av medisinen.

Det er viktig å lese på pakninga korleis ein skal oppbevare medisinen og ta den. Det går bl.a. på lys og temperatur, om tablettane skal sveljast heile. Somme tablettar som vert knust, kan medføre uheldige reaksjonar. Difor er det viktig å ta tablettane slik det står på pakningsvedlegget. Elles bør ein ta minst eit halvt glas vatn ved inntak av medisinar. Skulle ein gløyme å ta medisinen , skal ein ikkje ta dobbel dose neste gong.

Medisinen er utprøvd på yngre personar og gjennom bruk lærer ein korleis den virkar på eldre personar. Biverkander kan lett forvekslast med aldring. Aina nemnde at truleg rundt 20 % av sjukehusinnleggingane hos eldre kan skuldast biverknader. Nokre eksempel er blødning ved bruk av blodfortynnande, langsam puls ved bruk av betablokker og fall pga. beroligande midlar. I kroppen skjer det fysiologiske aldersforandringar. Såleis er det viktig at legen fyl opp for å vurdere endring av dosen.

Legemidla påvirkar kvarande. Dei kan forsterke eller svekke kvarandre si effekt. Aina tok fram at sovemedisin, beroligande midlar og sterke smertestillande medisinar brukt saman aukar risikoen for fall og kan skape problem med å hugse og forstå hos pasienten. Ho nemnde og at biverknader årleg tek ca. 120 liv i Noreg.

Biverknadene kan syne seg annleis enn hos yngre, bl.a. ved forvirring og falltendensar, større blødningsfare ved bruk av betennelsesdempande (ibux o.l.) og blodfortynnande medisinar, forstoppelse og svimmelheit. Det har vist seg at legemiddelgjennomgang med nedtrapping av medisinar (avmedisinering) kan betre funksjon og livskvalitet. Fastlegar og sjukeheimslegar er pålagt å gjennomføre legemiddelgjennomgang for pasientane for å avmedisinere.

Behandling av sjukdommar som hjarte-kar, høgt blodtrykk og diabetes vert gjort for å unngå komplikasjonar i framtida.

Ein skal vere varsam med å ta naturmedisin og reseptfrie medisinar saman med dei legen har gitt. Her var Ibux nemnt. Slik bruk bør diskuterast med legen. Elles kan ein snakke med farmasøyt om medisinbruk.

Gode råd : Ta medisinen i sitjande eller ståande stilling saman med minst eit halvt glas vatn, berre dele tablettar etter delestreken, ved reise vere obs på at klima og kostendringar kan påvirke effekta av medisinen og ha alltid legemidla i handbagasjen, bruk dosett og ha godt system for inntak av medisinen, du har ansvar for eiga helse, så ver aktiv og skaff skaff deg oversikt over og kunnskap om legemidla du tek, bruk helst eit fast apotek som vil ha oversyn over medisinane du tek (apoteka har ikkje lov til å dele informasjon utan ditt samtykke).

Til slutt nokre praktiske råd:
Bruk den dosen legen har tilrådd.
Ta legemiddelet til tidspunktet som er tilrådd.
Lån ikkje medikament til andre.
OBS: Reseptfrie legemidlar og naturmedidin.
Spør legen, apoteket (farmasøyt) om fleire legemidlar kan brukast samtidig.

Om diabetes 2

Aina fortalde at diabetes er karakterisert ved for høge nivå av glukose i blodet (høgt blodsukker). Mangel på insulin er årsak til diabetes 1, og vert behandla med insulininjeksjonar. Dette er den vanlegaste formen for diabetes hos barn og unge. Diabetes 2 får ein fordi insulin har dårlegare verknad saman med redusert evne til å skille ut insulin. Sjukdommen vert behandla med kost og mosjon, blodsukkersenkande tablettar og eventuelt insulin. Omlag 90 % av diabetesen er type 2-diabetes.

Totalt har omkring 270 000 personar, det vil si fem prosent av befolkninga, diagnostisert diabetes. Forekomsten av diabetes aukar med alderen, og meir enn 10% av dei over 80 år har diagnostisert diabetes. Sjukdommen er kopla til alvorlege komplikasjonar inkludert hjarte- og karsjukdommar.

Har ein fått diabetes er dei viktigaste grepa ein kan ta: Gå ned i vekt dersom ein er overvektig, og halde vekta nede. Ete sunt og vere meir fysisk aktiv.

Vi fekk også vite at mange personar med diabetes 2 får ingen symptomer eller tenkjer ikkje over dei. Først etter fleire år når ein har fått komplikasjonar som hjarteinfarkt, hjerneslag eller nyreskader, vert sjukdommen oppdaga.

Nokre symptomer på diabetes 2 kan vere at ein er: Sliten og trøtt, klør i underlivet (på grunn av soppinfeksjon). Rifter, kutt og sår gror saktare. Har tåkete syn. Er meir tørst. Tissar oftare, særleg om natta. Går ned i vekt. Får lettare infeksjonar.

Temaet er aktuelt, og vi som møtte fekk med oss mykje god kunnskap om medisinbruk og diabetes 2.