
Nyttig kurs i Kunstig intelligens (KI)
Studieforbundet Funkis Møre og Romsdal inviterte lag og organisasjonar til kurs i KI 27.-28. mars på Scandic Seilet i Molde. Frå lokallaget vår deltok Eystein. Anna Margrethe deltok som styremedlem i Funkis.

Ørjan Valstrand frå FOKU fortalde kva KI egentleg er og synte korleis vi kan bruke KI som arbeidsverkty i organisasjonsarbeidet. Vi fekk bl.a. sjå korleis KI kan lage utkast til artikkel og søknad.
Han la vekt på at når vi ber KI om utkast, er det viktig å vere presise i oppdraget. Men vi må vere kritiske og ikkje stole 100 % på svaret KI gjev, men gå gjennom det og korrigere og gjerne gå inn i kjeldene.
I løpet av kurset hadde vi praktiske øvingar og kursdeltakarane viste stort engasjement. Konklusjonen er at det vil vere eit nyttig arbeidsredskap som vil lette og forenkle arbeidet i lag og organisasjonar. Kurshaldaren minte oss om at det er viktig å øve på KI når vi kjem heim.



