Om atrieflimmer

Dei to lokallaga, LHL Skodje, Ørskog og Haram og Mental Helse Fjord, inviterte alle interesserte til informasjonsmøte på frivilligsentralen i Stordal om atrieflimmer som i daglegtalen ofte vert omtala som hjarteflimmer. Overlege Ole Johan Høiberg som sjølv har atrieflimmer hadde innlegg.

Atrieflimmer er ein hjarterytmeforstyrrelse der anfallet kan vare frå eit par minutt opp til fleire dagar. Etter kvart vil mange med aukande alder oppleve kronisk atrieflimmer. Det vanlegaste ved anfalla er at hjartet står og flimrar og rasar avgarde fordi det har vorte ein forstyrrelse i hjarterytma. Blodet vert ikkje pumpa rundt i kroppen som det skal. Oftast vert ein slapp og utilpass når hjartet flimrar. Men somme kan ha atrieflimmer utan å kjenne det. Sjukdommen er ikkje livsfarleg, men kan auke risikoen for å få hjerneslag. Ved mistanke om at noko er gale, er det viktig å kontakte lege som kjenner på pulsen og tek eit EKG. Men det fins god førebyggande behandling. Bl.a. får ein gjerne blodfortynnande medisin. Dersom anfallet ikkje går over, vert ein lagt inn i sjukehus og får elektrosjokk slik at hjartet slår over i normal rytme att. Elles kan ein få ablasjon på t.d. Sankt Olavs Hospital. Då går dei inn gjennom blodårene i lyskane og opp i hjartet og «brenner trådar» inne i hjarteveggen.

I salen var det personar som har erfaring med atrieflimmer og som også har teke ablasjon. Høiberg opna for spørsmål og dialog om temaet.

Overlege Ole Johan Høiberg informerte om temaet og ufarleggjorde det med sine mange humoristiske innslag.