Om sjømannskyrkja og opplevingar i Dubai
Else Karin Lied som har arbeidd ved to sjømannskyrkjer i Asia, fortalde om arbeidet og opplevingar på fritida på temamøtet vårt i september.
Ho fortalde at ho søkte på jobben som assistent ved sjømannskyrkja i Dubai i De forente arabiske emirater og vart intervjua. Ein må medlem i statskyrkja, men ho vart ikkje spurt om trustilknytning. Arbeidet er frivillig, ein får gratis reise og bustad, og kr 160 pr. dag i kostpengar. Første jobba ho i Dubai i omlag fire månader. Arbeidet likte ho så godt at då ho vart spurt om å arbeide ved sjømannskyrja i Thailand, takka ho ja.
Arbeidet ved dei to sjømannskyrkjene var ulikt. I Dubai var det kjøkkenteneste med middagslaging og baking samt nettverksbygging. I Thailand var det eigne folk på kjøkkenet. Der var oppgåva hennar var å vere vertsfolk.
Else Karin fortalde at det er i alt 29 sjømannkyrkjer. Sjømannskyrkja er ein frivillig organisasjon som er ein kyrkjeleg, kulturell og sosial møteplass for nordmenn i utlandet. Sjømannskyrkjene har beredskapstelefon. Menneske i vanskar kan kontakte dei og få hjelp. Ikkje økonomisk, men dei vert sett i kontakt med dei rette hjelpeinstansane. Ho nemnde at det kunne vere familie heime i Noreg som var uroa for sine i Thailand. Dei kontakta sjømannskyrkja. Elles er ambassaden og politiet viktige samarbeidspartnarar. Økonomisk slit sjømannskyrkja i motvind. Mykje av finansieringa er gåver frå privatpersonar og foreningar.
Alle sjømannskyrkjene har prest. Det vert utført dåp, konfirmasjon, vigsle av brudepar og gravferder. Men kyrkja kan ikkje drive med påvirkning – misjonering.
Landet er muslimsk, og i Dubai er det moskear og bønerom overalt. Største moskeen er 20.000 m2 og bygt i 1994 – 2007. Ein av dei minste moskeane ligg vegg i vegg med sjømannskyrkja. Fem gonger i døgnet ropa dei ut til bøn frå dei.
Else Karin synte bilde og fortalde om opplevelsar på fritida. Bilde av storslagne og flotte bygningar, fjellandskap, sanddyner og store gateområde med krydder. Alt skal vere flottast og størst. Nemnast kan at i museet Louvre ligg verdens største teppe, 550 m2. Det finst ikkje kriminalitet eller uteliggarar i Dubai. Ein kan gå frå verdisaker; dei ligg der når ein kjem tilbake. Den som stel, vert utvist.
Mange av tilhøyrarane mintes tidlegare tider då det var sjømannsbasar med bl.a. flotte heimesydde dukar og hekla teppe. Elles vart det samla inn julegåver til utdeling som vart sendt til sjømannskyrkjer.