Presentasjon av styret 2026 – 2027

I februar hadde vi årsmøte, og som vanleg var det val av styre for komande år. På bildet ser du frå venstre Else Midtbust 2. vara, Eystein Hjelme 1. vara, Ingebjørg Vestre medlem, Gunn Busengdal kasserar og Anna Margrethe Drægebø Moe leiar.

Styret er i gang med arbeidet. Sidan det er tre nye styremedlemmer brukar styret tid på å setje seg inn i styrearbeidet i tillegg til handlingsplanen som årsmøtet behandla på årsmøtet. Styret er godt i gang med planlegging av aktivitetar framover.

Styremøta vert haldne på Stordal frivilligsentral i regelen siste torsdagen i månaden. På medlemsmøta som er opne for alle interesserte, har vi oftast eit tema. Desse møta er på andre tysdagen i månaden.

På nettsida vår vert aktivitetane vi skal ha, lagt ut. Dei vert også delt på FB.