
Triveleg årsavslutning
God kombinasjon
Det er alltid triveleg å markere årsslutt med ei samling. Ofte har vi hatt julebord og julekonsert kvar for seg. I år gjorde vi ein ny vri og var effektive. Vi var 20 som møttest på Egon tidleg på ettermiddagen, valde eit godt måltid å nyte, hadde ei livleg og triveleg stund saman med mykje godt prat.
Gode og mette rusla vi oppover gata til Parken Kulturhus og fann plassane våre. På scena var The Nordic Tenors med julekonsert i ein fullsett sal. Dei serverte fine musikalske opplevingar med humor og glede. Retteleg kjekt å samlast slik for å markere punktum for aktivitetane våre i eit år som straks var omme.


