Triveleg i vakre Molde

Andre haustdagen la vi turen til Romsdalsbyen vår.

Vi som bur på Sunnmøre har funne oss ein plass blant høge og bratte fjell. Fjella våre stuper i havet og kastar steinar. Regnar det, samlar vatnet seg fort til brusande elvar. Pløyer frådande gjennom flatene mellom fjella. Hektisk og energisk.

Vi benkar oss på Vestnes ferjekai, ser over til Molde sine langstrakte og mjuke åsar. Dei strekker seg slakt opp frå sjøen. Kviler roleg. Held på knausane sine. Kastar ikkje steinar. Kviler fredeleg under dottete skyer. Snart slepp dei sola fram.

Ferja fører oss roleg over fjorden. Møreaksen har visstnok fått kvile. Kanskje får ferjene krysse fjorden langt, langt inn i framtida. Edvard Hoem si bok Kjærleikens ferjereise renn inn i tankane.

På ferjekaia er det bygt fint venterom med toalett tett ved ferjebommen. Benkar er plassert ute i det fri og under tak. Fantastisk fint tilrettelagt for å oss reisande. Vi som kom først, benka oss for ein prat og utsyn til vakre Molde.

Sidan sist vi var her, er heile Sjøfronten ferdigstilt. Mykje å sjå og oppleve. Ein engelsktalande turist fotograferte oss i dekket. Fantastisk å rusle her og suge inntrykk. Vi bevega oss så seint at sniglane ville passert i kappløp.

Mat måtte vi ha. Kneippen lokka oss med fin uteplass. Det vart både kaffi, te og noko å ete. Sjøvsagt også ein softis attpå. Ingen måse prøvde å ta maten vår. Ved Kneippen hadde vi utsikt til dette fine og kreative synet over gata.

Rosepika står år etter år trufast med sine vakre blomar i kaskadar av rislande vatn på rådhusplassen. Tolmodig har ho sett millionar av turistar vandre forbi i tillegg til moldensarane. Kjekt å kaste ei handfull vatn.

Mykje har vi sett og opplevd i dag. Over gata heng banneret «Innflyttardagen». Kanskje vi skal slå til, flytte hit til den vakre byen?
Ein flott Molde-dag er tilbakelagt. Med mange fine inntrykk frå Romsdalsbyen er det på tide å ta ferja tilbake.