Vandring på Skodjebruene

Bruvandring på historisk veg frå 1922 den fine haustdagen, 11. september.

På haugen bak parkeringsplassen er det fint å nyte utsikta frå den fint tilrettelagde utsiktsplassen med info om bygginga av Skodjebruene. Her ser vi over fjordarmen bort til Digerneset med alle forretningane som har kome der i løpet av nokre få år. Bilane hastar på vegen og bryt stilla.

Vi skal vandre på Skodjebruene – dei gamle. Ikkje berre-berre å kome seg heilskinna over vegen bort til gangvegen ned til bruene når bilane rasar i full fart og fotgjengarovergang ikkje finst.

Dei gamle bruene er eit meisterverk av byggekunst i utforminga. Vakre. Stilfulle. Varig kunst. Umettelege å sjå på.

Glassidene på brua speglar oss og gjev inntrykk av at mange utan skulder og hovud er på tur saman med oss.
På turane er det viktig å stogge, sjå og prate, utveksle tankar. På brua er det lagt godt til rette for slike stogg. Kjekt å møte andre turåarar også denne fine haustdagen.
Etter vandring over dei gamle og erverdige bruene passar det fint å avslutte den nostalgiske turen «med lys i tunnelen».Nokre valde å gå nybrua tilbake. Der var det eit steg inn i den nye tid med høg biltrafikk og dur som motpol til den stille vandringa på gamlebruene.
Vi avslutta turen på bruene med eit steg inn i den nye tida på Digerneset som kom etter at fjell og fjellknausar vart skotne bort og fjerna der. Gav plass til forretningar og kafe. Alltid kjekt å kome saman og drøse.