12
aug
02
sep

Aktivitetar i august og september

I denne perioden har vi legg vi opp til turar på måndagar med varierte turtidspunkt. Som vanleg vil du få sms framfor kvar tur. Ved dårleg ver, vert ikkje turen gjennomført. I programmet ser du tidspunkta for frammøte. Elles kan det skje endring i gjennomføringa av aktivitetane.

12. august 2024
02. september 2024
NB! Det er ulike starttider og lengd på turane.

Program

  • Måndag 12. august møtest vi kl. 18:00 ved småbåthamna, går tur på elvaforbygninga. LHL går same turen.
  • Måndag 19. august vandring langs Sjøfronten i Molde frå ferjekaia til Seilet – Reknesparken – Romsdalsmuseet – middag på Egon. Rundturen Romsdalsmuseet og Reknesparken, er ein rundtur på ca. 1 kilometer, jfr. linken: https://morotur.no/tur/rundtur-paa-romsdalsmuseet-og-reknesparken. Må vere godt ver. Heildagstur. Frå Stordal kl. 10:00. Parkerer bilane på Vestnes.
  • Måndag 26. august Seljebotn – Langsætrane. Kl. 10:00 frå Stordal.
  • Måndag 02. september Botnastølen (Jøsvollsætra). Kl. 18:00 frå Mo bedehus. LHL går same turen.
  • Vi vil også arrangere tur til Vestresætra. Det kjem vi attende til.