23
mai
20
jun

Aktivitetar i mai og juni

I denne perioden har vi ikkje fast turdag og turtidspunkt. Som vanleg vil du få sms framfor kvar tur. Ved dårleg ver, vert ikkje turen gjennomført. I programmet ser du tidspunkta for frammøte. Det kan skje endring i gjennomføringa av aktivitetane.

23. mai 2024
20. juni 2024
Ulike turmål vekslande mellom måndag og torsdag

Program

  • Måndag 13. mai møtest vi kl. 18:00 ved Kokarsteinen, går til Dyrkorn og tilbake. LHL går same turen.
  • Torsdag 23. mai går vi til Storfjord hotell frå Kiwi/Vallesaga. Frammøte kl. 17:30 og parkering der. Frå Stordal kl. 17:00.
  • Måndag 27. mai møtest vi ved Sportskapellet i Vaksvik kl. 18:00 og går til Grytalisætra. Frå Stordal kl. 17:15. LHL går same turen.
  • Torsdag 6. juni vandring langs Sjøfronten i Molde til Seilet og tilbake til sentrum. Dersom alle ønskjer det, kan vi ta også turen til Romsdalsmuseet og Reknesparken, ein rundtur der på ca. 1 kilometer, jfr. linken: https://morotur.no/tur/rundtur-paa-romsdalsmuseet-og-reknesparken. Eit alternativ er å rusle rundt i byen. Det vert arbeidd med plan for turen. I løpet av turen avtalar vi tid for middag på Egon. Må vere godt ver. Frå Stordal kl. 10:00.
  • Måndag 10. juni går vi tur kl. 18:00 frå Fjellstova på Ørskogfjellet til Løklia. Kl.17:00 frå Stordal. LHL går same turen.
  • Tysdag 11. juni har vi medlemsmøte og sommaravslutning på Stordal frivilligsentral kl. 18:00.
  • Torsdag 20. juni tur til Ansok. Kl. 10:00 frå Sjøholt.