Figaros bryllup på Opera Nordfjord 9. oktober
Figaros bryllup er ein komisk opera i fire akter av Wolfgang Amadeus Mozart.
Vi reiser til Nordfjordeid onsdag 9. oktober, sjekkar oss inn på Nordfjord Hotell og reiser heim att etter frukost torsdag 10. oktober. Operaen er kl. 18:00 på onsdag. Etter operaen et vi middag på hotellet.
Billetten kostar kr 575 og kjøpet er bindande. Eigendelen for turen er kr 1.000 for den som bur i enkeltrom og kr 700 for den som bur i dobbeltrom. Ønskjer du å bu på enkeltrom, melder du deg på ved å betale kr 1.575 til kt.nr. 3910.30.38646. For dobbelrom betaler du kr 1.275. Frist for innbetaling er laurdag 14. september kl. 12:00. Billettar vert kjøpt og hotellrom reservert snarast etter fristen. Dersom andre enn medlemmene ønskjer å vere med, betalar dei kostpris, kjøper billett og bestiller hotell sjølv.
NB! Hugs å skrive namnet ditt i betalingsinformasjonen når du betalar slik at vi veit kven som har betalt. I tillegg sender du sms til tlf. 97 00 14 93 slik at vi sikrar oss best mogeleg mot misforståelsar.
Organisering av køyring kjem vi attende til seinare.
Nedanfor kan du lese meir om operaen:
https://no.wikipedia.org/wiki/Figaros_bryllup