
Fra traktor til tapas
Uttrykket eller metaforen handlar gjerne om å ta i bruk det som fins lokalt og skape noko nytt. Det har Janet Roelofs gjort og vil fortelje om det. Janet er nederlandsk gründer som har busett seg på Sjøholt. Ho er utdanna intensiv- sjukepleiar, og har sidan 2015 etablert seg i lokalmatbransjen og driv også kafe på Sjøholt. På menyen er det rettar som er laga av lokale råvarer. Butikken sel produkt frå rundt 60 småskalaprodusentar i Møre og Romsdal. Med andre ord kortreist mat. På møtet vil ho fortelje om kva som skal til for å starte slik butikk på ein liten plass og lykkast. Ho vil også snakke om lokale matvarer som skaper nye matopplevingar.
Dette er første del av ein kursserie om historie, kultur og tradisjon knytta til mat, stadar og hendingar. Andre del er bakst i steinomn 16. april. Tredje del om Holmebygda 12. mai.
Møtet er gratis og ope for alle. Det vert enkel servering og tid til sosialt samvær. Ta gjerne med deg nokon. Velkommen!

Andre kommende arrangementer

Mental Helse Møre og Romsdal inviterer til bowling og minigolfturnering

