
Halvårsavslutning på Stolt Mat
Som punktum for første halvår møtest vi til hyggeleg prat og et ein av dei gode smårettane som vert servert på Stolt Mat. Klikk på Stolt Mat si nettside: https://stoltmat.com/meny/ Der finn du liste over lunsjrettar, og vel den du vil ha. Du melder deg på ved å sende sms til tlf. 97 00 14 93 innan sundag 28. juni kl. 18:00 og skriv kva lunsjrett du ønskjer. Vi avsluttar med kaffi/te og noko attåt. Ta gjerne med deg nokon. Hugs å skrive namnet på den du tek med og kva rett ho/han ønskjer. Ikkje medlemmer betalar kr 150,-.
Dersom du vil, kan du møte ved Ørskog kyrkje kl. 11:00 og gå tur (mot Hestvika) før du kjem på Stolt Mat. Eller du kan gå tur etter samlinga.
Treng du skyss: De i Fjord kontaktar/sender sms til Anna Margrethe tlf. 97 00 14 93. Bur du i Ørskog, kontaktar/sender du sms til Ingebjørg Vestre tlf. 90 68 76 71.
Velkommen til halvårsavslutninga!