13
mai

Kvinnehjarte og hjartesjukdommar

13. mai 2025
Stordal frivilligsentral

Symptomar på hjartesjukdom syner seg forskjellig hos menn og kvinner. Kvinnene får ofte meir diffuse symptomar ved karsjukdom enn menn.

Hjartesjukdom hos kvinner skil seg frå slik sjukdom hos menn når det gjeld bl.a. risikofaktorar, forekomst, symptom, diagnose og behandling. Ei spesiell utfordring er det at symptoma ved forskjellige hjartesjukdommar hos kvinner kan vere nokså like og i tillegg ganske uspesifikke. Hjartesjukdom kan ramme kvinner i alle aldrar, unge som eldre. Det er viktig å ha kunnskap om symptoma slik at ein kan kontakte lege om ein situasjon med teikn på hjartesjukdom skulle oppstå hos ein sjølv eller andre.  

Torstein Hole, dr.med., spesialist i indremedisin og i hjartesjukdommar vil snakke om temaet.

Ta gjerne med deg nokon og kom. Det vert enkel servering. Gratis adgang. Du er hjarteleg velkommen!

Arrangementet er eit samarbeid mellom Stordal Helselag og Mental Helse Fjord.