11
mar

Legemiddelbruk hos eldre og om diabetes II

11. mars 2025
Frivilligsentralen i Stordal

Spesielle utfordringar

Bruk av legemiddel hos eldre gir spesielle utfordringar. Verknaden av legemidla kan verte endra og risikoen for biverknader høgare. Det er årsaker til dette, og ein sjølv kan gjere noko for å redusere risikoen.

Aina Øvrebust som sidan 2019 har vore seniorrådgjevar i eining for legemiddelsikkerheit i Direktoratet for medisinske produkt vil snakke om ovannemnde tema og svare på spørsmål. Nemnast kan også at ho som farmasøyt har lang erfaring frå sjukehusavdeling, sjukehusapotek, som dagleg leiar på apotek og legemiddelindustrien.

På møtet vil Aina også snakke om diabetes II med fokus på eldre. Ho vil gå inn på bakgrunnen for sjukdommen og behandlinga av den.  

Yngre er velkomne til å delta på møtet då temaet er viktig for mange som pårørande for å få innsikt i korleis medisin kan virke på eldre.

Etter Aina sitt innlegg vil det verte servert kaffi/te og noko attåt. Og ikkje minst, tid til å snakkast saman.

Alle interesserte, både yngre og eldre, er hjarteleg velkomne!