19
aug

Tur til Molde

19. august 2024
Vandretur i Molde – Sjøfronten og Reknesparken/Romsdalsmuseet

Vi bør vere minst sju for å gjennomføre turen. Veret må vere bra. TV2.no.vær gjev gode meldingar medan yr.no er litt tvilsam. Nedanfor er skisse for turen. Det er vanskeleg å rekne ut kva tid turen vil ta og lage tidsplan, så det må vi ta som det kjem. NB! Alle medlemmene får sms om påmelding.

  • Vi parkerer bilane på Vestnes og reiser med ferja kl. 11:30 frå Vestnes til Molde
  • Vandrar Sjøfronten frå ferjekaia til Seilet hotell og tilbake til Kneippen konditori i Storgata og inntar litt føde. Tur/retur ca. 4 km.
  • Tur gjennom Reknesparken og rusle litt rundt på Romsdalsmuseet. Klikk på linken og les meir: https://morotur.no/tur/rundtur-paa-romsdalsmuseet-og-reknesparken
  • Samlast på Egon og et middag.
  • Går til ferjekaia for heimreise.