Tur til Vestresætra med storslagen utsikt
Tradisjonen tru tek vi turen til Vestresætra også i år
Slik som tidlegare år, legg vi opp til val mellom trimming og køyring opp til setra. Dei som vil, går frå Madsplassen. Vil du køyre til seters, gjer du det. Arna stiller hytta si til disposisjon som vanleg, og vi samlar oss i den til kl. 11:00. Det vert enkel servering.
NB! Veret er diverre litt ustabilt. Vert det snø og veldig dårleg ver, vert turen avlyst.
Påmelding slik: Ørskog til Jorunn V. tlf. 48 27 73 85, Fjord til Anna Margrethe tlf. 97 00 14 93 innan kl. 12:00 måndag 7. oktober. Vi organiserer køyringa. Frammøte på bensinstasjonen i Stordal kl. 10:00 for dei som bur i Fjord. Vert turen avlyst, vil dei som har meldt seg på, få melding når ein ser korleis veret vert. Vel møtt!