08
mar

Vald i nære relasjonar er tema på Kvinnedagen

08. mars 2025
Stordal frivilligsentral

Eit stort samfunns- og folkehelseproblem.

Det kan vere både psykisk og fysisk vald i nære relasjonar. Vi vil sette fokus på problemet og korleis lokalsamfunnet kan bidra til å førebygge vald og hjelpe dersom ein mistenker vald. 

Innleiarar er

Foredragshaldar er mangfoldsrådgjevar Maria Hanadi Tanberg som flytta frå Jerusalem til Noreg saman med dotra i 2023. Maria har palestinsk far og norsk mor. I Jerusalem jobba ho i Kirkens Nødhjelp med fokus på kvinnene sine rettar i Midtausten og seinare som likestillingsrådgjevar hos det Svenske konsulatet. Medan ho jobbar for kvinnene sine rettar og med tema som vold i nære relasjonar, vert ho utsett for psykisk vald frå ektemannen sin. Ho hadde ein lang prosess for å komme seg ut av valden og ekteskapet. I foredraget vil Maria presentere si historie og reflektere om korleis det kulturelle møter det faglege.

Fysioterapeut og forskar Anita Dyb Linge har dei siste åra jobba i eit prosjekt som ser på kunnskap, haldningar og erfaringar med avvergeplikt i møte med partnarvald. Ho vil ha innlegg om korleis avvergeplikta kan brukast opp mot teieplikta.

Vi ønskjer alle varmt velkomne!

Arrangementet er eit samarbeid mellom Eidsdal/Norddal Røde Kors, Fjord AP, Fjord SV, Fjord Sjukepleiarforbund, Mental Helse Fjord, Valldal Bygdekvinnelag og Valldal Helselag.