13
jan

Valkomiteen ønskjer forslag

13. januar 2025

Valkomiteen har begynt arbeidet sitt og ønskjer forslag på personer til ledige verv. Forslaget deira vert lagt fram for årsmøtet 11. februar. NB! Berre medlemmer i Mental Helse Fjord kan sende inn forslag. Forslag vert å sende til leiar i valkomiteen, Brit Skjelten tlf. 99 60 80 19 eller bskjelten@gmail.com, innan måndag 13. januar. Du kan foreslå nye personar eller attval til verva. Det er bra om du skriv litt om kvifor du meiner personen du foreslår, er den rette til vervet.

Nedanfor står kva verv som er på val:

Styret:
Anna Margrethe Drægebø Moe – leiar – på val for to år
Jorunn  Vestre – kasserar – ikkje på val
Torill Sandvik –  styremedlem – på val for to år
Marit Abelvik – styremedlem – ikkje på val
1. Ingebjørg Vestre – varamedlem – på val for eitt år
2. Arna Øvrebust – varamedlem – på val for eitt år

Valkomiteen:
Brit Skjelten, Anne Jorunn Nilsen og Randi Vestre – alle er på val for eitt år

Revisorar:
Reidun Torpe Langhaug og Torbjørn Hove – begge er på val for eitt år