
Vi går på kino og ser filmen Fjord
Vi går på seniorkino på Moa torsdag 10. september, kl. 12:00.
Filmen Fjord handlar om ei rumensk-norsk familie med fem born som flyttar til ei idyllisk vestlandsbygd. Familien lever i eit konservativt kristent miljø og vert raskt kjent med lokalmiljøet og menigheita. Skulen oppdagar merke på eit av borna og mistenker fysisk avstraffelse, noko som fører til at barnevernet grip inn. Utfallet utviklar seg til et komplekst drama om foreldrerett, religionsfrihet, kulturforskjeller og statlig makt.
Fjord er såleis eit aktuelt, spennande og tankevekkende familiedrama som utforskar kulturforskjellar og dei skjøre grensene mellom privatliv og institusjonell makt. Filmen varer 2 timar 19 minutt.
På seniorkino er det ofte litt dempa lyd.
Som lokallagsmedlem melder du deg på ved å betale kr 100 på Vipps til 27768 Fjord Mental Helse (bindande) innan måndag 7. september. Det er eigendelen. Etter filmen samlast vi på «Bollur og braud» for kaffi/te og litt attåt. Buss til Sjøholt går 14 minutt over kvar heile time.
Frammøte på busstasjonen Sjøholt, der vi reiser med 10:50- bussen og er på Moa kl. 11:25. Treng du skyss dit, gjev du beskjed til Anna Margrethe tlf. 92 63 99 16 innan kl. 18:00 onsdag kveld. Du møter fram ved hovudvegen. Ho køyrer frå bensinstasjonen i Stordal kl. 10:00.
Andre kommende arrangementer


