
Vi møtest ved Muritunet og vandrar på Bedringens vei
Vi møtest kl. 11:00 ved Muritunet. Derifrå vandrar vi på Strandpromenaden langs fjorden og vidare på Bedringens vei langs Valldøla så langt vi vil. Ein enkel og gruslagt turveg med rastebenkar undervegs.
Etter turen, ca. kl. 12:00, samlast vi til ei sosial matøkt på Muritunet.
Treng du skyss som vi samordnar, ta kontakt slik: Ørskog kontaktar Ingebjørg tlf. 90 68 76 71 og Fjord kontaktar Anna Margrethe tlf. 92 63 99 16 innan onsdag kl. 18:00.
Dette er første del av eit kursopplegg med aktivitetar utover i året, som oftast på torsdagar. Det vert kalla meistring og aktivitet. Ikkje medlemmer kan delta, men dei må pårekne å betale ein god del av kostnaden sjølv. Medlemmene får invitasjon til å delta. Er du ikkje medlem, ta kontakt med Anna Margrethe for påmelding , tlf. 92 63 99 16, innan 6. juni.
Andre kommende arrangementer

