17
okt

Vi treng å høyre til # lag plass!

Verdensdagen for psykisk helse vert markert 17. oktober, kl. 19:00 i Stordalshallen.

Årets tema er: «Vi treng å høyre til #lag plass!» Fjorårets kampanje oppfordra oss til å lage fleire møteplassar, men å møtast er ikkje nok. I år kan vi gjere møteplassane meir inkluderande ved å bry oss om kvarandre, lytte og sjå kvarandre. Det å gjere noko meiningsfylt saman med andre er viktig for å motvirke einsemd og utanforskap. Slik kan vi lage plass for fleire fordi alle treng å høyre til.

Barbro Sætha vil halde foredrag. Med bakgrunn frå langrenn på høgt nivå og som mental og fysisk trenar i fleire år har ho brei erfaring å bygge på. Barbro har utdanning frå Norges Idrettshøyskole og innan organisasjonspsykologi og leiing. Ho har jobba med livsstilsendring, glede og meistring. Som foredragshaldar er ho engasjerande med gode historier og glimt av humor.

På markeringa vert det kulturelt påfyll ved Elin Dyrkorn.

Elles vil nytilsett kommunepsykolog i Fjord kommune, Kristian Dirdal, orientere om tenesta si.

Møtet som er gratis, er ope for alle interesserte som er hjarteleg velkomne.

Gjennom sine bidrag gjer sponsorane Sparebanken Møre og Stordal Helselag saman med Mental Helse det mogeleg å gjennomføre markering av Verdensdagen for psykisk helse. Arrangør er Mental Helse Fjord i samarbeid med Stordal Helselag.