
Eit kvelartak på frivilligheita?
Regjeringa foreslår å kutte 70 millionar kroner i tilskotet til studieforbunda – ein reduksjon på 25 prosent av dagens tilskot. For Møre og Romsdal kan dette innebere 3,3 millionar kroner mindre til kurs og opplæring.
Spørsmålet er ikkje berre kor mykje staten sparer. Spørsmålet er kva vi som samfunn taper.
Kvar dag legg frivillige ned tallause timar for å skape møteplassar, aktivitet, meistring, læring og inkludering der menneske på tvers av alder, bakgrunn og livssituasjon kan møtast, lære noko nytt og oppleve fellesskap.
Tilskota til studieforbunda er eit godt døme på korleis relativt små offentlege bidrag kan utløyse stor frivillig innsats. Dette handlar om meir enn opplæring. Det handlar om folkehelse, livskvalitet og å motverke utanforskap.
I ei uroleg tid, der vi stadig oftare snakkar om beredskap, tillit og samhald, treng vi fleire sterke fellesskap – ikkje færre. Organisasjonar er viktige byggjesteinar i eit levande demokrati. Nettverka og relasjonane som blir bygde gjennom frivillig aktivitet, kan òg vere viktige når samfunnet vert sett på prøve.
Er det god samfunnsøkonomi å spare pengar på tiltak som mobiliserer frivillig innsats, skaper læring og styrkjer samhaldet mellom menneske?Fellesskap, demokratibygging og samfunnsberedskap kjem ikkje av seg sjølv.
Vi ber våre folkevalde sjå på konsekvensane av kutta som er foreslått. Dei offentlege tilskota er ikkje berre ei utgift. Dei er lønsam investering i å skape gode og robuste lokalsamfunn.