Om oss

Våren 2019 starta lokallaget prosjektet Urtehagen. Me rusta opp ein overgrodd sansehage etter tida då Bjødnateigen var eit DPS. Urtehagen har utvikla seg til å bli ein fin møteplass for sosialt samvær, kaffi, drøs og vedlikehold av hagen. Me har måndagstreff kvar måndag kl 15.00 – 17.00.  Om våren og sommaren treffes me i Urtehagen. Om hausten og vinteren har me måndagstreffet inne på Loftet på Bjødnateigen med kaffi, noko attåt, spel og drøs. Alle er velkomne til å stikke innom.

Kvar torsdag har me gruppetrening i terapibadet i Suldal bad kl 14.30 til 15.30. ( må vera medlem). I tillegg har me eit årskort i Suldal bad som me kallar for «Delfin kortet.» Det kan brukast ( gratis) av alle som av ulike grunnar ( t,d økonomiske) ikkje kjem seg så lett i bassenget. Delfin kortet gjeld  i opningstidene til Suldal bad. ( Treng ikkje vera medlem. )

Lokallaget har ca 50 medlemmar.»

Styret:

Leder: Elisabeth B. Brekke
Nestleder: Line Madsen
Styremedlem: Daniel Moe Olsen
Styremedlem: Irene Mari Soleng
Styremedlem: Marit Ruså FIsketjøn
1.Vara: Anneke Knol
2.Vara: Linda Fondenes

Siste nytt fra Mental Helse Suldal