Over Molnesfjellet på Roald

Tidleg i september vart endeleg turen til Roald på Vigra realisert. Både yr.no og TV2vær vart nøye studert og samanlikna før turen vart bestemt. Vi inne i fjordane veit at det det gjerne bles godt på øyane ute ved havet. Turen vart fastsett til sjuande september.

For å unngå bompengar og køyre i minst mogeleg by gjekk turen over Ellingsøya før vi dukka ned i Vigra-tunnelen med kurs for Roald yst på Vigra. I staden for å starte opp bratta til Molnesfjellet valde vi å gå utover langs sjøen på fin og vekslande tursti på stein, på mark og i fjøresand. Området hadde elektrisk gjerde og fortel at her er det husdyr. Vi labba vidare og fekk auga på ein stor flokk kyr som hadde middagskvil i eit område under fjellet.

Vinden var fråverande, temperaturen var høg, og gufsen vi var redde for var heilt fråverande. Vi tok stien opp ved fiskehjellane og sette oss ned med nista med utsikt mot Lepsøya og brua dit frå fastlandet. Det var mest ikkje eit vindpust, ein fantastisk fin haustdag i øyriket. Turen gjekk vidare opp stien til Molnesfjellet 127 meter over havet. Undervegs møtte vi andre turgåarar, og sprekingar som passerte oss lett på foten i motbakken.

I skråninga opp til fjellet står fiskehjellar som minne om då det vart hengt opp og tørka fisk. Eit viktig levebrød her ute.
På høgste punktet var det også benkar. Herifrå ser ein mot Nordøyane. Auga sveipa over landskapet rundt med både Romsdal- og Sunnmørsfjell i hopetal.
Kraftig vind og tre er ikkje dei beste venene. Men på lesida i den brattaste kneiken var det litt skog å rusle i.