Carmen – ei flott oppleving på Opera Nordfjord

Carmen er eit av operalitteraturen sine mest spela verk.

Handlinga skjer i Sevilla i Spania rundt 1820. Den naive soldaten Don Jose vert stormforelska i sigøynerjenta Carmen. Seinare forlet ho han til fordel for toreadoren Escamillo. Det driv Don Jose til sjalusi og han drep Carmen. Vi opplevde mange flotte scener med dans og kjende melodiar. Ei flott oppleving for både øyre og auga.

Sidan 2021 har det vorte ein tradisjon å reise til Nordfjordeid på opera. I år var vi ti som slo oss saman og reiste. For nokre av oss var det femte gongen medan det var første gongen for andre. Vi har opplevd operaene Jorda rundt på 80 dagar, La Traviata, Soga om Sol og Figaros bryllup tidlegare.
Åra før reiste vi på opera i Festivitasen i Kristiansund.

Neste år vert Babettes gjestebod av Karen Blixen sett opp. Vi har begynte å gle oss. Opera Nordfjord er allereie i gang med arbeidet.

Alltid kjekt å ha god tid før operaen og kjenne på stemninga som etter kvart fyller lokala. 45 minutt før operaen brukar operasjef Kari Pavelich å ha forsnakk, der ho fortel om arbeidet rundt operaen vi skal sjå. Ho lovprisar den store innsatsen alle dei frivillige gjer for å gjennomføre operaen.
Vi har ikkje lov til å filme og ta bilde under forestillinga, såleis vert det eit bilde når alt er over og publikum har ståande applaus.