Frå Oslo til Vaksvika. Ny nettside

Både medlemmer og ikkje medlemmer vert invitert til medlemsmøta våre.

Trass i glatte vegar var det mange som møtte til det første møtet i år. Som vanleg var det på frivilligsentralen i Stordal andre tysdagen i månaden, kl. 18:00.

Brit Skjelten opphaveleg frå Oslo fortalde om korleis det var å flytte derifrå til Vaksvika for vel 40 år sidan. Ho vart godt motteken, men hadde mykje å lære når det gjalt uttrykk for retningar som kunne vere vanskelege å forstå . T.d.: Inn fjorden, ut fjorden, framatt, heimover.

Mental Helse fekk i fjor ny nettside. Anna Margrethe synte korleis ein kan gå inn på www.mentalhelse.no og navigere seg vidare til Mental Helse Fjord. Ein kan også skrive www.mentalhelse.no/fjord og komme direkte til laget si nettside. Oppe på sida til høgre kan ein velje kva ein vil lese meir om: Aktuelt (Det som har skjedd), Om Oss (Info om lokallaget), Kalender (Det som skal skje) og Dokumenter (T.d. om årsmøte). Mesteparten vert delt på lokallaget si facebookside.