Vandring i vakre Molde

Trass i plaskregn i Molde måndags morgon våga vi oss dit. Vi stola meir på vermeldinga enn realiteten. Vi tenkte slik: Romsdalingane vil ta godt mot oss ti frå Sunnmøre og sørge for godver. Så dura vi til Vestnes og tok ferja over fjorden.

Vakker by

Med foten på fast grunn, tok vi fatt på Sjøfronten – strekninga frå ferjekaia til Seilet Hotel. Vi rusla, stogga og studerte det fine området med utsikt til fjorden og fjella på andre sida. Nokre mørke skyer samla seg over Tresfjorden. Men ingen regndropar fall på oss heile dagen vi var i Molde.

Først passerte vi eit avrunda grøntanlegg med leikeapparat og fine trapper ned i sjøen. Rusla forbi badeanlegget med badstu. Nokre ivrige badarar i sjøen. Må sjå tilbake på det flotte anlegget.
Vandrar vidare. Auga møter ein fint dekorert vegg med bilde og roande og talande tekst.
Det hastar ikkje å gå. Stogg med prat og nyte synet av staden er viktig. Mange gode sitteplassar over alt. Vi frå Sunnmøre er einige om at noko liknande bør vere i Ålesund. Sjølv om byen ligg på langstrakte øyer kan ein promenade tilpassast topografien i vakre Ålesund.
Vi luffar vidare forbi torget med ei spelande jazzmusikar på statue. Ei and har plassert seg fjordskuande på kanten av promenaden. Ved ei flott blomstersamanplanting søv eit andepar. Ei stoisk ro kviler over dei. Bryr seg ikkje med oss nærgåande turistar. Blunkar berre litt med auga.

Vi nyt turen, somlar vidare. Ser ein stolpe for stolpejaktarar. Ein time etter vi begynte vandringa når vi Seilet hotell. To ivrige Stikk-utarar leitar etter ein post som ikkje svarar. Ser ut til å vere inaktiv om sommaren. Kaffityste set vi kursen mot Kneippen. Møter Stein som vil guide oss vidare.

Vandrar rundt på Romsdalsmuseet. Ser bl.a. på kapellet som vert brukt til kyrkjelege handlingar i vår tid. I dammen sym endene mot oss, dukkar ivrig på leit etter føde på botnen. Spreidd rundt, omlag tjue ender. Oppdagar eit bygg, Holtstua frå Holt i Stordal. Vart litt undrande. Google fortel at det er ei gammal sengebu og ein dendrokronologisk undersøkelse har datert den neste delen av huset til 1588.

Frå Romsdalsmuseet ruslar vi opp til det flotte utsiktspunktet/paviliongen i Reknesparken. På finversdagar kan ein sjå omlag 222 fjelltoppar langs Romsdalsfjorden. Reknesparken er Molde sin største og første folkepark.

Stein guidar oss vidare ned gjennom Reknesparken. Vi passerer Chateauet og St. Carolus, spaserer vidare gjennom fine gater med velstelte hus og fine hagar.

Mange vakre stader også oppe i byen. Imponerande med dei to sylinderforma trea. Litt av eit arbeid å halde dei fine. Ruslar vi vidare til Plassen kulturhus. Også eit praktverk, men diverre feilplassert. Det skulle vore bygd ved fjorden og kome til sin rett der.

Etter ein god og lang middag på Egon måtte vi bryte opp, sette kursen heim att.

Takk til Stein som brukte av tida si og losa oss rundt i byen.

Turen begynte og avslutta med triveleg ferjereise over fjorden.