Triveleg tur til naturmøteplassen på Sjøholt

Vi har fått tips om at kvar tysdag er det naturmøteplass på Elvastien på Sjøholt. Det vert fyrt opp bål, servert kaffi og noko å bite i. Dei som har anledning til å gå tur på dagtid kan ta seg ein passande trimtur og møtast der og slå av ein prat.

Vi møttest ved kyrkja kl. 11:00. Nokre la turen til Hestvika. Andre gjekk tur rundt området ved kyrkja.

Ved kyrkja er det eit nes med fin sti inne i skogen. Litt opp frå fjordkanten er det bygt ein sauna for dei som badar. Der kan ein sveitte og slappe av etter dukkerten. Nokre av oss fall for freistinga å nye sola og utsikta og sette seg på benken med stor grill framfor. Alt er lagt til rette for å nyte staden og dagen.

Det var tid for å rusle vidare til naturmøteplassen på Elvastien. Leikny hadde nykokt kaffi frå bålet klar saman med sveler og meir. Etter kvart dukka fleire opp frå ulike kantar som slo seg ned ved borda. Dei frammøtte auka til tjue og hadde triveleg treff i finveret. Dersom regn, kan ein samlast i gapahuken «Elvaløa» tett ved.

Triveleg treff på møteplassen. Det rusla kjentfolk forbi, og vi fekk slå av ein prat med dei også.