Triveleg halvårspunktum på Stolt Mat

Som avslutning av første halvår vart både medlemmer og andre interesserte invitert til samling på Stolt Mat. Seksten møtte.

Nokre gjekk tur før dei møtte på Stolt Mat. Andre gjekk tur etterpå. Men sprekast var ho som sykla frå Stordal og tilbake.

Målet med samlinga var å komme saman, og det var ikkje behov for program for å halde koken. Praten dura i eitt blanda med mykje lått. Vanskeleg å seie kor mange desibel det var. Anna Margrethe måtte klappe sterkt i hendene for å få merksemd. I tillegg til å ønske velkommen til samlinga som markerer avslutning av første halvår, gav ho ei kort orientering om nokre planer om aktivitetar i siste halvåret. Nærare plan vert sak på første styremøtet etter ferien. Deretter vil det verte lagt ut artikkel med oversyn på nettsida. Elles ba ho om tips og ønske om fleire aktivitetar og tema på medlemsmøta framover. Det er berre å ta kontakt og tipse. Som vanleg tek vi ferie i juli og møtast igjen i august. Greitt for oss alle å få lade batteria til ny innsats og aktivitetar.

Så dura praten og låtten vidare.

Nokre av oss som deltok på treffet.