Kreftkoordinatoren sine oppgåver og ABC for god psykisk helse

På siste medlemsmøtet før sommarferien hadde vi to tema.

Som vanleg inviterte vi alle interesserte til møtet.

Det første temaet stod Cathrine Langhaug Berli for som har vore kreftkoordinator i omlag to år i kommunen vår. Ho tok fram at kreft er ein sjukdom som kan føre til store livsendringar og bekymringar rundt sjukdom, behandling, økonomi og praktiske utfordringar. Det er nasjonale retningslinjer for behandlinga, kalla pakkeforløp som fortel korleis utgreiing, behandling og oppfølging skal organiserast. Behandlinga og rehabiliteringa kan vere langvarig og krevjande, og det er mange praktiske problem å tenkje på.
Kreftkoordinatoren som har oversikt over relevante tilbod og tenester både i og utanfor kommunen, kan bidra med informasjon, råd og rettleiing knytt til diagnose, behandling, rehabilitering og lindring. Tilbodet er gratis, og pasientar eller pårørande kan ta direkte kontakt og ein kan få heimebesøk.
På Fjord si heimeside under kreftomsorg kan du lese meir om tenesta. https://www.fjord.kommune.no/tenester/helse-og-omsorgstenester/kreftomsorg/

Kulturkoordinator Bjørg Jacobsen fortalde at ABC for god folkehelse er ein kampanje som Helsedirektoratet står for. Den handlar om å styrke psykisk helse for heile befolkninga. Ho fortalde at fylkeskommunen ga støtte til fem lokale tiltak i fylket og Fjord var den einaste kommunen.

Vidare fortalde ho at bokstavane ABC står for
Act (Aktivitet) Belong (Saman) Commit (Meiningsfullt)
= Gjere noko saman som er meiningsfylt.

Saman med organisasjonane skal det lagast arrangement framover. Ho nemnde at dei hadde generasjonsleikar på idrettspalssen i Stordal 30. mai med 85 deltakarar i alle aldrar. Planen er å få til arrangemente som rullerar mellom bygdene. Det vert lagt vekt på mangfald og inkludering på tvers av generasjonane. Elles nemnde ho «Raus januar» med oversikt over aktivitetar som vart godt motteke.

På kommunen si nettside vil det verte lagt ut info om ABC for god psykisk helse.


Det var kreftkoordinator Cathrine og kulturkoordinator Bjørg som delte kunnskap om kveldens to tema med oss.