
Politikk og samfunn – lærerikt og nyttig kurs
12. – 13. september inviterte MH Møre og Romsdal til kurs i «Politikk og samfunn».
Kurset er aktuelt for oss i lokallaga fordi ei av oppgåvene våre er å påvirke til betre tenester og tilbod. Kort oppsummert var det gjennomgang av politisk system og politiske prosesser, kontakt med presse og media. Vi jobba også med formidlingsstrategi og intervjuteknikk. Til slutt utarbeidde kvar gruppe ei plan for lokal satsning på ei sak.
Hovudbildet er frå det eine gruppearbeidet, der vi i gruppa valde å jobbe med ei case om at psykososialt kriseteam skal likestille alle som opplever krise uansett årsak til krisa.
Kurset var jordnært og vi fekk mange gode tips om korleis fremje sakene vi arbeider for på ein god måte.

Leiar kommunikasjon og samfunn i Mental Helse sidan hausten 2019, Kristin Bergersen, var kurshaldar. Der styrer ho pressekontakt og strategisk lobbyarbeid mot Stortinget og regjeringa. Ho har solid bakgrunn frå toppolitikk og verksemdsleiing. Nemnast kan at ho m.a. har vore statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet og kommunikasjonssjef for Nordic Innovation (Underlagt Nordisk ministerråd).




