
På kurs i StyreWeb
Lokallaget gjekk i år over til eit nytt rekneskapsprogram kalla StyreWeb då programmet AlfaReg som vart brukt tidlegare vart avvikla.
Såleis deltok kasserar Gunn og leiar Anna Margrethe på kurs i StyreWeb laurdag 26. september på Vestnes Fjordhotell. På kurset var det deltakarar frå nokre andre organisasjonar som har teke i bruk same rekneskapsprogram.
I første del av dagen fekk vi grunnleggande innføring i rekneskapsprogrammet. Seinare gjekk Oddrun gjennom kontoplan, budsjettering og rekneskapsføring. Deretter fekk deltakarane øve på kontoplan m. m.




