Eigenberedskap for ei veke – viktig
Stand om beredskap
I veke 44 vart søkelyset sett på eigenberedskap i heile landet. På ulike stader i kommunen vår var det tre stand i veke 44 og to i veke 45. På alle standa stilte ordføraren saman med brannkorpset eller representantar frå frivillige organisasjonar. I Stordal stilte Mental Helse Fjord v/Anna Margrethe saman med ordføraren Therese.
Litt førebudd er betre enn heilt uførebudd
I beredskapsveka vert vi minna om at det er viktig å vere budd dersom straumen skulle verte vekke i ein lengre periode. Eller vatnet forsvinn? Kanskje vi ikkje får handla på ei veke? I fjor var det viktig å vere førebudd på tre dagar, no er det utvida til ei veke. Det meste fungerer som det skal i landet vårt, men vi kan verte råka av ekstremver, pandemiar, ulukker og sabotasjar.
På standen slo vi av ein prat med folk som kom innom, og vi sette søkelyset på å vere budd. Dei fleste fortalde at dei hadde fått informasjon i posten og er nok ulikt budde. Det viktigaste er å vere litt førebudd enn å vere heilt uførebudd. I heftet er det ei sjekkliste for eigenberedskap som er grei å gå gjennom. Å vere budd på noko gjer at vi handterer det vi møter lettare.