
På jakt etter planter som kan brukast i mat
Det er mange planter som kan brukast som tilsetning i mat og lagast drikke av.
Eystein har mykje kunnskap om slike plantar. Han tok oss med på plantejakt i Dyrkornstranda, i området frå Kokarsteinen og innover mot Dyrkorn. Området ligg solvendt til. Våren og sommaren kjem tidleg dit. I bratta under fjellet veks det mange varmekjære planter.

I løpet av ein liten time vandra vi rundt, og Eystein synte nokre planter og fortalde om dei.

BL.a. synte Eystein geiterams som blomstrar seinare på året og kan lagast te av. Pizzakrydder «veks» også her. Det er bergmynta som vert kalla oregano på latin. Ramslauk finst også i området. Årsskota på grantrea er nyttige i matlaging.
På tilbakevegen såg vi utover mot fjorden, men utsikta har vorte svært sterkt redusert grunna all lauvskogen som har skote fart både i høgd og vidde på nedsida av vegen. Vi tok oss litt tid til å beundre gamlevegen frå Sjøholt fram til Dyrkorn. Den vart ferdig i 1938. Eit meisterleg byggverk med vakre murar som står stødige den dag i dag. Dei held steinen på plass så lite fell ned på vegen som er bygd på fine murar. Eit imponerande handtverk.
Vi rusla vidare utover til Kokarsteinen og gjekk inn, kjøpte noko å drikke og ete før vi sessa oss. Eystein hadde med nokre av produkta han har laga av ville vokstrar. Han fortalde kva planter han hadde brukt og korleis han laga produkta, og sende dei rundt til oss. Det var bergmynte (oregano) han hadde tørka og knust til krydder. I eit glas var det ramslauk blanda med smør. På ei flaske hadde han sirup av gran. Det var årsskot som var kokt, sila, koka opp att saman med sukker og koka vidare. Dess lenger koking, dess mørkare vert utkoket. Til slutt mørkeraudt. Utkoket eller sirupen kan brukast på ulike måtar. T.d. ved brødbaking ved å ha litt på gjæra. Det skyt fart i hevinga. Vi fekk både smake og lukte på produkta. Utruleg kva godt som kan lagast av ville vekstar.

Eystein hadde også med kvistar av lind. Dei store blada er godt etande og kan brukast som salat.
Nemnast kan at på tur i skog og mark, eignar blada seg til tørking etter «det nødvendige». Dei vil rotne opp etter bruk.
Elles nemnde Eystein at det å kjenne til kva ein kan bruke i naturen til mat er også god beredskap å ta med seg.


