Vi treng å snakke meir saman #gje 8 minutt
Verdensdagen er ein internasjonal FN-dag og vert markert i over 150 land på ulike måtar.
I år markerer vi Verdensdagen for psykisk helse tysdag 15. oktober i Stordalshallen. Markeringa bygger på den nasjonale kampanjen for den psykiske folkehelsa som er å auke kunnskap, forståelse og openheit om kva som styrker og svekker den psykiske helsa.
Mange opplever einsemd og utanforskap, og kjenner på lite meining i livet. Det fører til generelt dårlegare livskvalitet. Gjennom årets tema: «Vi treng å snakke meir saman # gi 8 minutt» er oppfordringa å bidra til at fleire finn støtte og meining i å snakke meir saman. I staden for å sende tekstmelding, ta heller ein telefon. Oppfordringa er å ringe til nokon du bryr deg om – kvar dag. Det er enklare enn du trur og betyr meir enn du anar. Forskning viser at det gjer meir for helsa enn vi trur.
Lars Zachariassen vil halde foredrag. Han er fysioterapeut med vidareutdanning i kognitiv terapi og idrett og jobbar med idrettsutøvarar, næringslivet og «hvermansen» for å skape endring, livstrivsel og prestasjonar. Målet er å normalisere, ufarleggjere og skape positiv endring. I arbeidet legg han vekt på betydninga av relasjonar, kommunikasjon og språk. Engasjement for fysisk og psykisk folkehelse er stort.
Psykiatrisk sjukepleiar i kommunen vår, Nils Petter Lian, vil orientere om tenesta si.
Møtet som er gratis, er ope for alle interesserte som er hjarteleg velkomne.
Takk til sponsorane Sparebanken Møre og Sanitetsforeninga Stordal Helselag for støtta som saman med Mental Helse sine midlar sentralt og lokalt gjer at vi kan markere Verdensdagen for psykisk helse.
Mental Helse Fjord arrangerer markeringa saman med Sanitetsforeninga Stordal Helselag.