Lokallagstreff

Triveleg lokallagstreff i Ålesund

Mental Helse Ålesund inviterte alle dei andre lokallaga i fylket vårt til treff 21. august i Fjellstua på byfjellet Aksla.

Anna Margrethe Drægebø Moe

Lokallagstreffa er ein triveleg tradisjon vi har hatt i mange år i Møre og Romsdal. På treffet i flott seinsommarver med fantastisk utsikt frå byfjellet møtte 68 frå åtte lokallag. Stemninga under treffet synte at det var kjekt for storfamilien å møtast att etter dei to coronaåra. Vertskapen stilte med tre middagsrettar, lapskaus, baccalo og fiskesuppe, som vi fekk velge mellom. Maten smakte godt og praten gjekk lett frå første stund.

Etter ein pause og god strekk ute i det fri, fekk lokallaga ordet. Representantar frå lokallaga fortalde om aktivitetar og planer i sine lag. Det er både inspirerande, lærerikt og kjekt å få vite korleis dei ulike lokallaga driv. Det gjev idear til nye aktivitetar i andre lokallag. Som punktum for treffet, vart det servert marsipankake og kaffi. Takk til Arild og resten av styret i Mental Ålesund for ein kjekk og triveleg dag. (Foto: Mental Helse)

Styret i MH Ålesund med leiar Arild i midten var vertsfolk for årets lokallagstreff.
Terje og leiar Sissel fortalde om aktivitetane i MH Sunndal, og frå MH Molde orienterte Solveig om deira arbeid.
Laila frå MH Kristiansund, leiar Tone Elin i MH Giske og leiar Anna Margrethe frå MH Stordal delte med oss kva dei arbeider med i deira lokallag.
Representantar frå dei to lokallaga MH Skodje/Ørskog ved leiar Ingeborg og MH Sykkylven ved leiar Anne Turid orienterte om kva dei gjer i sine lokallag.
Noko av utsikta frå Fjellstua.

Lokallagstreff

Triveleg lokallagstreff i Ålesund